Det vart halde årsmøte i Fitjar Sau og Geit på Hageberg grendahus onsdag 5. februar.

Det var godt frammøte med ca. 23 personar. Leiar John Karsten Raunholm opna med å ynskja dei framøtte velkomne, og spesielt gjestene Odd Bondevik frå Fitjar Meieri og Jeanette Johnsen fra Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor. Tore Atle Sørheim møtte frå Stord Sau og Geit.

Årsmeldinga vart lesen gjennom og godkjend. Rekneskapen vart gjennomgått av kasserar Svein Olav Raunholm. Den viste eit overskot på ca 12000 kr. Valet vart halde av leiar i valkomiteen Kristian Skumsnes. Heile styret fekk fornya tillit.

Odd Bondevik frå Fitjar Meieri orienterte forsamlinga om prosjektet «Lokal mat frå Fitjar» Han meinte at mykje meir av saue- og geitekjøtet frå Fitjar kan seljast som lokale matprodukt og av den grunn gi større verdi til produsenten. «Lokal mat frå Fitjar» er ein del av eit større prosjekt «Lokalmat frå Sunnhordland» som Samarbeidsrådet for Sunnhordland køyrer. For å lykkast med dette er ein heilt avhengig av at lokale matprodusentar deltar.

Odd orienterte også om eit selskap som heiter Sunnhordland landbrukstenester. Dei administrerer landbruksvikarordninga i Fitjar, Stord og Austevoll og avløysarordninga for mange bønder i dei nemnde kommunane pluss delar av Bømlo. Dette laget kan også vera med og få til ei gjetarordning i fjellet. Ein ser at dette kan vera aktuelt sidan strukturen i Fitjarfjellet har endra seg vesentleg dei siste to åra. Møtelyden var enig om at det var rom for å auka på med beitedyr i fjellet.

Jeanette Johnsen, nytilsett ved Stord Fitjar miljø- og landbrukskontor, presenterte seg sjølv som ein stor saugaelskar. Ho er agronomutdanna frå Danmark og har via mesteparten av sitt arbeidsliv til sauehald. Ho fortalte at ho har vore innom alt frå vanleg sauedrift til forsking, og vore avlssjef, redaktør i fagblad, gjetar og gjetarhundinstruktør. Ho er nok ein ressursperson som kan hjelpa sauenæringa i området her på mange felt.

Åse Nøttveit fra SFLMK var og med og ville annonsera for to kurs. Neste veke blir det kurs i lyngsviing, 14.-15. februar, teori og praksis. Og i byrjinga april blir det kurs i rydding og skjøtsel av lynghei/innmark på Eggøyo.

Så vart det servert kaffi og gode smørbrød. Drøsen gjekk godt, det same kan ein seia om loddsalet.