Det var i kveld årsmøte i Fitjar KrF. Store endringar i styret vart det ikkje.

Bortsett ifrå at Solveig Lambach Fitjar kom inn og Gunn Kari Auestad gjekk ut av styret, vart det attval «over heile fjøla».

Johannes Nesse fortset som styreleiar og med seg i styret har han: Astrid Bukkøy, Dagfinn Brekke, Sølvi Sørfonn og Solveig Lambach Fitjar. Varafolk er: Svein Nøttveit, Leikny H. Torvund, Annbjørg S. Tvedt og Svein Lunde.

Som talar til årsmøtet hadde laget henta inn Astrid Aarhus Byrknes, som for tida vikarierer for Knut Arild Hareide på Stortinget. Ho snakka om aktuelle saker som KrF arbeider med på Tinget og om Hans Nielsen Hauge. Og ho skrytte av Sunnhordland som region. Særleg nemnde ho samhald og innovasjon som sterke faktorar i området vårt.