Leiaren i Fitjar Idrettslag, Sigbjørn Aarland, minner om at februar er årsmøtetid i Fitjar Idrettslag.

Dei to største gruppene, fotballgruppa og handballgruppa, har eigne årsmøte. Dei blir avvikla slik:

Handball: Tysdag 12. februar kl. 20.00.

Fotball: Onsdag 13. februar kl. 19.00.

Årsmøtet i hovudlaget blir onsdag 27. februar kl. 20.00.

Alle møta blir avvikla i klubbhuset, Fitjar idrettspark. Idrettslaget ønskjer at alle som kan møter opp. Det er viktig både for styret og brukarane å nytta høvet til å utveksla informasjon.