Leiaren i Fitjar Idrettslag, Elin Siglen, minner om at februar er årsmøtetid i idrettslaget.

Dei to største gruppene, fotballgruppa og handballgruppa, har eigne årsmøte. Dei blir avvikla slik:

Handball: Onsdag 11. februar kl. 20.00.

Fotball: Tysdag 17. februar kl. 20.00.

Årsmøtet i hovudlaget blir onsdag 25. februar kl. 20.00.

Alle møta blir avvikla i klubbhuset, Fitjar idrettspark.

Frammøtet på årsmøta dei siste åra har dessverrre vore altfor lågt, for ein organisasjon med over 700 medlemmer. Dersom ein meiner noko om det idrettslaget driv med, er det viktig å vera med og påvirka. Elin Siglen minner om at det ikkje er «farleg» å møta opp; du risikerer ikkje å bli valt til noko du ikkje vil.