På eit roleg årsmøte i Fitjar Idrettslag onsdag kveld gjekk Sigbjørn Aarland av etter 5 år som leiar. Ny leiar i idrettslaget blir Elin Siglen.

Ho er den første kvinna som har blitt vald til leiar i Fitjar Idrettslag. Med seg i styret får ho Frode Kloster, nestleiar, Øyvind Skålevik, kasserar, Trine Tverborgvik, sekretær, Bente Fitjar og Bente Karin Isdahl, styremedlemmer. Styret består vidare av leiarane i undergruppene i laget: Vibeke Strand Tranøy, turn, Hilde Gjørven, bordtennis, Sigmund Sætre, orientering, Rolf Vik, friidrett og Anne Sissel R. Engevik, handball.

Av årsmeldinga til idrettslaget går det fram at det er ein veldriven organisasjon med stor aktivitet. Medlemstalet har lege stabilt dei siste åra; 690 medlemmer er ein liten auke frå året før. Økonomien i laget er god, mykje takka vere eit godt samarbeid med dei store verksemdene i bygda. Omsetnaden i fjor var på over 700 000 kroner, som er om lag 10 gonger meir enn då Øyvind Skålevik overtok økonomiansvaret for 10 år sidan.

Fitjarposten kjem tilbake med fyldigare referat frå årsmøtet i morgon.