På årsmøtet i Fitjar Idrettslag onsdag kveld tok Aina Vestbøstad over som leiar etter Elin Siglen.

Den nye leiaren er ny i styret i Fitjar Idrettslag, men ho får med seg mykje rutine når ho tar over leiinga av den største organisasjonen i bygda. Dei fleste av medlemmene frå i fjor blir med vidare i det nye styret, som etter valet ser slik ut:

Nestleiar:          Frode Kloster
Kasserar:          Øyvind Skålevik
Sekretær:          Dan Torbjørnsen
Styremedlem:   Bente Fitjar
Varamedlem:    Birte Steinsland

I tillegg er leiarane av gruppene med i styret:
Badminton:      Stian Hatlevik
Friidrett:          Rolf Vik
Orientering:     Rolf Atle Rolfsnes
Turn:                Trude Strand,
Fotball:           Per Thorland
Handball:         Ronald Hareide

Dei 22 frammøtte på årsmøtet fekk sjå ei årsmelding som bar bod om god aktivitet på mange felt i den klart største frivillige organisasjonen i Fitjar. I 2010 hadde Fitjar Idrettslag heile 732 registrerte medlemmer; dei aller fleste av desse er ungdom som har eit svært variert aktivitetstilbod. Årsmøtet slo fast at årsmeldinga gav eit godt bilete av heilskapen i idretttslaget, som er prega av godt samhald og gode samarbeidsforthold. Ambisjonen om å nå rekordtalet 150 idrettsmerke i året for 150-årsjubileet i Fitjar kommune blei ikkje nådd, men 88 tok idrettsmerket i Fitjar i fjor, og det er eit svært høgt tal på ein liten plass. Av rekneskapen gjekk det fram at idrettslaget er ein veldriven organisasjon med god kontroll på økonomien.

Den einaste saka som vekte ekstra interesse, var saka om kjøp av Fitjar Treningssenter. Styret ser for seg at dette kan vera med på å auka medlemsmassen i laget, gi eit betre tilbod til medlemmene og auka inntektene. Etter eit roleg ordskifte gav årsmøtet samrøystes styret fullmakt til arbeida vidare med planane om kjøp av Fitjar Treningssenter.

Tradisjonen tru fekk årsmøtet også i år vera med og heidra medlemmer som har vist ein ekstra innsats for laget. Denne gongen blei Finn Ingvar Havnerås, Annar Westerheim og broren Harald Westerheim æra med heidersmerket for «Lang og tru teneste». Finn Ingvar har merkt seg ut som ein god fotballspelar i ei årrekkje, og som dommar og dommaradministrator dei seinare åra. I 2010 blei han utnemnd til årets dommar i Hordaland Fotballkrins. Westerheim-brørne har i ein mannsalder vore eldsjeler i orienteringsmiljøet til Fitjar Idrettslag, som løparar, leiarar og løypeleggjarar. Annar er også aktiv med idrettsmerke, og arbeider med turstiar, noko han også har fått Frivilligprisen i Fitjar for.

Harald Westerheim fekk heidersteiknet også for innsatsen sin i skeisegruppa til Fitjar Idrettslag, ei gruppe som var svært aktiv på 1980-talet, med godt miljø og imponerande sportslege prestasjonar. Han kunne ikkje vera til stades på årsmøtet og ta imot heidersteiknet. Grunnen til det er at han i skrivande stund er i Calgary i Canada for å gå på skeiser! Her går eit stemne i Masters International Competitions for veteranar av stabelen denne helga: http://www.imssg.org/10-calendar.pdf. Fitjarposten vonar å følgja med på korleis det går både med Harald og broren Onar Westerheim, som er på plass på rekordbanen i Canada.