Magne Rommetveit heldt det politiske foredraget og fekk orientert om viktige saker under årsmøtet til Fitjar AP.

– Rommetveit var innom ein del aktuelle tema som galdt nasjonale, regionale og meir lokale saker. Sidan han sit i Transportkomiteen, var det der han hadde sitt utgangspunkt for innlegget, men det vart også høve til å belysa andre viktige saker, som medlemene i Fitjar AP var opptekne av. Som stikkord kan nemnast ferjefri kyststamveg, samhandlingsreforma, strandsoneforvaltninga, Hardangerfjordforskrifta og tips frå andre aktuelle saker, skriv Ove Gjerde i ei pressemelding frå møtet.

Me kan vidare lese at i den lokale politiske debatten var det gruppeleiar Toralv Røen som hadde innleiinga. Røen tok mellom anna for seg avtalen mellom Fitjar Høgre og Fitjar Arbeidarparti.  AP sine representantar har fått viktige posisjonar, der varaordførar Agnar Aarskog og leiar i Oppvekst og omsorg Toralv Røen er dei mest sentrale. Men også fleire andre posisjonar vil syna att dei næraste åra.

– Årsmøtet var godt nøgd med dei avtalene som styret/AP-gruppa hadde fått gjennomført. Utgangspunktet er godt, og AP sin politikk syner att i det politiske Fitjar. Både kommunestyregruppa og styret/medlemene ser fram til nokre aktive år i Fitjar-politikken, der Fitjar AP sine verdiar heilt sikkert vil verta lagt merke til, skriv Gjerde og kjem med følgjande oppmoding, til slutt:

– Fitjar AP oppmodar interesserte innbyggjarar og andre til å ta kontakt dersom det er saker dei ynskjer å få fokus på. Ei sak som i utgangspunktet kan vera ”enkel”, vil som oftast ha fleire sider, og det er viktig at dette kjem fram for kvar og ein, slik at utfallet vert mest mogleg rettferdig og framtidsretta.

Etter årsmøtet ser styret slik ut:

Leiar: Ove Gjerde
Nestleiar/Kasserar: Roger Nesbø
Skrivar: Ida Marlen Havn
Styremedlem: Vigdis Røen Leirvik
Roar Pedersen

Vara: Eva Pernille Tufteland
Dan Torbjørnsen

Revisor: Anne Sissel Raunholm Engevik

Valnemnda: 
Kjell Magnar Helland, Vigdis Aarre Olsen og Inger Røen.