Herman Inge Aadland er leiar i styret for Bjørgvin NMS. Arkivfoto.

Sunnhordland område av NMS held årsmøte på Stord komande søndag, skriv Gunnvald Bjotveit i ei pressenelding.

Her kjem heile pressemeldninga:

Sundag 23. august samlast vi til misjonsgudsteneste i Nysæter kyrkje, middag på Leirvik bedehus, årsmøte og misjonsfest på Leirvik bedehus. Talar vert professor dr. theol Magnar Kartveit. Han har vore lærar på Misjonshøgskulen i Stavanger i Det gamle testamentet. Han er ein god talar og formidlar, som vi gled oss til å høyra. Kanskje får vi nokre gode innsmett frå faget hans i talene?

Stord fellesforening for NMS står for det praktiske og innbyr til misjonsfest på Leirvik bedehus. På festen syng Lovsongsbrørne. Det skal vera godt å samlast igjen etter lang nedstenging i denne koronatida

Eit årsmøte skal gje tilbakeblikk frå året som gjekk og arbeidet som er gjort, og henta fram nye visjonar til tider som kjem. Saman med gode misjonsvener i hyggeleg lag, skal det gje kunnskap, utfordringar og nytt mot i arbeidet vidare. Misjon er hovudoppgåva til den kristne kyrkja. Mon tru om ikkje det er endå meir tydeleg og nødvendig i dag? Saman har vi fått ei stor oppgåve og eit krevjande oppdrag. Det vil vi stå saman om.

Samlingane vil vera trygge og verna av koronaforskriftene.

Vi helsar vel møtt til ein rik misjonsdag på Stord.

Sunnhordland område av Det Norske Misjonsselskap
Gunnvald Bjotveit