Indremisjonssamskipnaden sine årsmøte har vore av uvurderleg betydning for det kristne arbeidet i Sunnhordland. I år er møtet lagt til Fitjar.

Og det er 12-14. juni det skjer,  i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Formannen i Indremisjonssamskipnaden, Harald Heie, skriv følgjande:
”Det er ei stor glede å ynskja dykk alle velkomne til Årsmøtet på Fitjar dette året. Fitjar er ei kommune med eit rikt kristenliv og eit ressursrikt misjonsfolk. Me gled oss til å møta dei og å møtast som misjonsfolk og arbeidsfellesskap”.

Spennande program
Tradisjonen tru har Samskipnaden lagt opp til eit variert og vidfemnande program.
Det startar fredagskvelden med «Perler frå bedehusland» der lokale utøvarar deltek med song- og musikkinnslag, i spedd allsong, ein kort appell – og samanbinding av dei forskjellige innslaga i uformell konferansier-stil. Dei lokale utøvarane som deltek er: Fitjar skulekorps, Martin Hatlevik, Fitjar Musikkforeining, Ole Christian Ottestad, Fitjarbrørne, Håkon C. Hartvedt, Arve og Tom Rydland, Praise Him – og Brødrene Rydland.

Den offisielle opninga skjer laurdag føremiddag med helsingar av fitjarordførar Harald Rydland og  samskipnadsformann Harald Heie. Hovudtalar for stemnet, Kurt Hjemdal, held bibeltime, før sjølve utsendingsmøtet startar. Om ettermiddagen vert det familiekonsert med mellom anna barnesonggruppa «Seven» og lokale barnekor.

På den store kveldssamlinga, laurdag, der ein ventar at det kjem 700-800 menneske,
deltek fitjargruppa «Praise Him» og gruppa «Manna» som består av 10 unge menn.
Kurt Hjemdal talar, og det vert presentasjon av arbeidarane i Samskipnaden.
Søndagen er det festmøte på føremiddagen, der sokneprest Olav Oma tek del i lag med Kurt Hjemdal, før det heile vert avslutta med «Storfamiliesamling» med andakt av Arne Opsahl-Engen, og der både «Seven» og «Sunnhordlandsmusikken», leia av Lars K. Vik, vert med.

Flotte opplegg for barn- og ungdom
For barn og ungdom er det lagt opp til eigne program med artige aktivitetar tilpassa den einskilde gruppa, så som Barnas sommarfest, Barnegospelfest, aktivitetar i sentrum og i friluftsområdet Breiavikjo – og ungdomstreff med trylleinnslag.

Økonomisk overskot
Etter eit underskot på nærare 350 000 kroner i 2007, kunne Indremisjonssamskipnaden glede seg over rundt 50 000 kroner i pluss for rekneskapsåret 2008.

-Mange lag og foreiningar syner eit stort ansvar for arbeidet vårt og sender store gåver…. Vi kan elles gleda oss over ein fin auka på gjevartenesta, heiter det mellom anna  i årsmeldinga.

Her kan vi òg lesa at Samskipnaden i dag har 10,6 løna årsverk, fordelt på 13 personar. I tillegg vert mange friviljuge arbeidarar nytta. Dei har òg kunne gleda seg over stort sett fullteikna leirar og gode rapportar frå både Brandøy, Helgatun og Framnes.

Vilje til fornying
Samstundes syner ein  vilje til fornying.
Arne  Lindekleiv, som har teke roret som dagleg leiar, saman med Svein Bjarne Aase, i Arnfinn Halderaker Husby sin stad, skriv følgjande om dette i Indremisjonsvenen:

«Kanskje inneber ei slik fornying at vi i dag må våge og makte å gjera nokre justeringar for å gje rom for nye verkemiddel. Det kan vera å lage til nye møteplassar, både på bedehuset, men like gjerne i heimen eller andre stadar. Nokre stadar kan det vera aktuelt å sjå på og gjere endringar med møteform og bedehusstruktur».