Kommunestyret handsama i dag tilbakeblikket på 2013.

Økonomistyringa har vore prioritert høgt. Kommunen fekk eit godt økonomisk resultat i 2013, med ein netto resultatgrad på 7,45%, medan kommunesektoren på landsbasis oppnådde 2,3%. Ein må ha minimum 3% over tid for å oppretthalda ein forsvarleg økonomi. Disponibelt overskot etter fondstransaksjonar og overføringar er kr. 5.044.875. Lånegjelda er på 178 mill. Det er kr. 54.847 pr. innbyggjar. Gjennomsnitt i samanliknbare kommunar er kr. 55.658.

Stikkord frå årsmeldinga:
Folketalet auka, og var ved årsskiftet 3.009. Vindmølleparken vart opna 17. september. Sysselsetjingssituasjonen er svært god. Moderniseringa av Rådhuset er gjennomført. Rimbareid skule er påbygd og modernisert for nær 69 mill.

Det er ved årsskiftet 400 byggeklare tomter i kommunen. Byggefeltet i Rossneset er langt på veg ferdig.

Det er rekordmange reguleringsplanar under arbeid. Eksempel: E39: Det er vedteke reguleringsplanar for Vistvik-Engevik og Engevik-Sandvikvåg. Det er under arbeid ein interkommunal plan for strandsona, kombinert med eigen kommunedelplan for Øyane.

Plan for Fv 545 Rimbareid-Vik er under arbeid. Her vert det jobba aktivt for fullfinansiering med tanke på oppstart i 2014.

Adresseprosjektet skal sluttførast i 1. halvår 2014.

Arne Prestbø kommenterte at dette var eit kjempeår for kommunen, og at det er viktig å byggja opp disposisjonsfond for framtida, for alle år vert ikkje like gode som 2013. Agnar Aarskog gav uttrykk for at årsmeldinga no er svært god og innhaldsrik. – Tenk likevel eitt nytt punkt til neste gong: Kor nøgde er brukarane?

Kommunen leverer gode tenester. 2013 er økonomisk sett det nest beste året i den lange perioden Agnar Aarskog har vore med i kommunestyret

Det var handsama fleire andre meldingar i kommunestyremøtet i dag: Årsmelding for Kontrollutvalet, Årsmelding frå Skatteoppkrevaren, Finansforvaltningsrapport Fitjar kommune og  Kvalitetsmelding for grunnskulen i Fitjar.