Leiaren i Sunnhordland område av NMS, Gunnvald Bjotveit, på Fitjar saman med Mali-misjonær og misjonskonsulent Ingvald Andersen Frøyen. Arkivfoto: Håkon C. Hartvedt.

– Foreiningane minkar og strevar med å få nye medlemmer, men dei som fungerer, arbeider trufast og er sjølve grunnfjellet for alt misjonsarbeid, skriv Gunnvald Bjotveit i årsmeldinga for 2019 frå Sunnhordland område av NMS.

Han har vore leiar i styret for Sunnhordland område av det Norske Misjonsselskap i 2019, og har hatt med seg Kari Ersland som nestleiar og Gunn Judith Dale som sekretær. Herman Inge Aadland sit i styret for region Bjørgvin, der han no er leiar der. 1. vara er Jørgen Knudsen og 2. vara Åslaug Nag. 

Herman Inge Aadland er leiar i styret for Bjørgvin NMS. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Heile årsmeldinga frå Sunnhordland NMS kan du lesa nedanfor:

Områdekontoret på NMS Gjenbruk Bremnes er har ikkje vore i drift siste året. Edel Johanne Sørvik og Gunnvald Bjotveit tek i mot aktuelle telefonar og meldingar.

I Sunnhordland område av NMS var inntektene i 2019 kr 1.658.683,- mot kr i 1.726.665,- i 2018. Dette er ein nedgang på kr. 67.982.-, eller 3,94%. Foreiningsgåver går ned med 2.57%, kyrkjelydsavtaler går ned med 41,51%, kyrkjeofringar går opp 4,93%, fast givar går opp med 6,19%.

Sunnhordlandsaksjonen for misjon 2019 vart gjennomført i januar–mars. Det vart arrangert 23 møte rundt om i bedehuskrinsane. Alle møta vart haldne av lokale talarar og leiarar. Prestane har stilt fint opp som før. Prosjektet dette året var «Dela trua på Jesus i Mali». Det kom inn kr 89.027,- til dette prosjektet, kr 980,- mindre enn året før.

Inspirasjonsmøtet i Leirvik bedehus var 16. mars med 41 frammøtte, litt færre enn i 2018. Misjonskonsulent Åslaug Ihle Thingnæs hadde bibeltime med overskrifta «Kamp og nåde» ut frå Jes 55,1-6. Oppmoding om å høyra på Gud. Bodskapen gjeld folkeslaga. Eit misjonsperspektiv. Misjonstime den same med overskrifta «Kreativ og livskraftig tru i Midtausten». Tekst Mark 6,35-38. Gudsteneste i Stord kyrkje sundag 17. mars med helsing frå Åslaug Ihle Thingnæs og takkoffer til NMS.

Barna sin misjonsdag var i starten NMS sitt gode opplegg for å nå fram med og engasjera barn for misjonen. Etter dei mange gode trusopplæringstiltaka har det ikkje vorte plass til desse gode misjonsgudstenestene. Kanskje det lokalt kunne finnast fram til godt samarbeid her?

Vi har registrert 33 foreiningar og sju kontaktar etter siste gjennomgang av listene.  Sunnhordland har ti kyrkjelydsavtalar med NMS. Ei foreining nedlagd.

Områdestemnet/årsmøtet vart halde på Halsnøy 25. august. Tidlegare generalsekretær/prost Kjetil Aano var talar. Fyrst i Eid kyrkje kl.11.00, der han tala over dagens tekst Joh 8,31-36 med tema «Misjon er eit frigjeringsprosjekt». 68 var til stades i kyrkja.

Middagen var på Zoar bedehus med 42 gjester. Årsmøtet var òg på Zoar bedehus, med 25 til stades. Utanom årsmelding og val var det litt samtale om arbeidet.

Festen var på Zoar bedehus kl. 16.30 med 72 frammøtte. Kjetil Aano tala inspirert over temaet «Feilande menneske sende av Gud med lyset.» til alvor og utfordring og trøyst og glede. Dermed gjeld oppmodinga alle. Ingen kan be seg unna. Alle kan vera lysberarar. Nordsaang gledde med fin og god song. Styreleiar avslutta festen og takka for eit flott arrangement og for alt trufast misjonsarbeid rundt om i Sunnhordland.  

Representantar for områdeutvalet, Zoar Misjonsforeining og andre gode hjelparar skal ha stor takk for det gode praktiske arbeidet med årsmøtet og festen.

Siste året har det vore to misjonsstemner, ei på våren og ei på hausten. Foreiningane minkar og strevar med å få nye medlemmer. Men dei som fungerer, arbeider trufast og er sjølve grunnfjellet for alt misjonsarbeid. Men vi er urolege over høg gjennomsnittsalder i mange av foreiningane. Er der nokon som har gode framlegg for å snu utviklinga?

NMS Gjenbruk Bremnes  er inne i sitt 14. år og arbeider godt. Inntektene i 2019 var på kr. 863.485, mot kr. 830.152,- året før. Ein oppgang på kr. 33.333, eller 4,02%. 

Overskotet for 2019 vart på kr. 397.870-, mot kr 364.023,- året før, ein oppgang på kr. 33.847,-, eller 9,30%.

Om lag 55 personar er knytte opp til den daglege drifta. Desse gjer eit stort og verdifullt misjonsarbeid.

Områdeutvalet har hatt fire møte og handsama 41 saker. Dei største og mest krevjande sakene er Sunnhordlandsaksjonen, Inspirasjonsmøtet, Områdestemnet/årsmøtet og Gjenbruksbutikken.

Ein hjarteleg takk til alle som på ulik måte er med i misjonsarbeidet i Sunnhordland. Takk for omsorg og forbøn. Men mest av alt takk til Gud som gav oss kallet og tenesta.

Gunnvald Bjotveit 
styreleiar