Rosendal kyrkje.

Det Norske Misjonsselskap i Sunnhordland hadde stor og allsidig aktivitet i 2017, går det fram av årsmeldinga, som me har fått tilsendt frå Gunnvald Bjotveit.

Det er Gunnvald Bjotveit som har vore leiar i styret for Sunnhordland område av NMS, med nestleiar Ellen Karoline Hovstad og Margunn Mortveit som sekretær. Hermann Inge Aadland sit i styret for region Bjørgvin. 1. vara: Jørgen Knudsen og 2. vara: Åslaug Nag.

Her kjem årsmeldinga:

Områdekontoret på NMS Gjenbruk Bremnes er har ikkje vore i drift siste året. Edel Johanne Sørvik og Gunnvald Bjotveit tek i mot aktuelle telefonar og meldingar. Områdeutvalet har teke ansvar for at arbeidet i store trekk vert vidareført. Edel Johanne Sørvik deltek med mykje godt frivillig arbeid.

Sunnhordlandsaksjonen for misjon 2017 vart gjennomført i januar–mars, og det vart arrangert 25 møte rundt om i bedehuskrinsane. Alle møta vart haldne av lokale talarar og leiarar. Prestane har stilt fint opp. Prosjektet dette året var «Dela trua på Jesus på Madagaskar» Det kom inn kr 102.080,- til dette prosjektet. Kr 3.558,- meir enn året før.

Inspirasjonsmøtet i Leirvik bedehus var 11. mars. Tidlegare Madagaskar-misjonær Kaare Martin Bakke heldt bibeltime med utgangspunkt i Abraham sitt kall og lydnad. Utfordra vår måte å vera kyrkje og driva misjon på. Misjonstime med utgangspunkt i nyleg tur til Madagaskar. Inspirerande å høyra at 2–3 nye kyrkjelydar vert danna kvar veke. Stor tilstrøyming til gudsteneste. 2–3 gudstenester i kyrkjene kvar sundag.

Barna sin misjonsdag har berre vore gjennomført på Fitjar. Takk til dei.

Vi har registrert 33 foreiningar og sju kontaktar etter siste gjennomgang av listene. Sunnhordland har ti kyrkjelydsavtalar med NMS.

Områdestemnet/årsmøtet vart halde i Rosendal 27. august. Professor Jostein Ådna og førsteamanuensis Gerd Marie Ådna ved VID Misjonshøgskulen i Stavanger var talarar. Fyrst i Kvinnherad kyrkje kl. 11.00, der Jostein Ådna tala over dagens tekst Ef 2,1–10 med tema «Nåden åleine». Dette var òg tema for 500-årsjubileet for den lutherske kyrkja i 2017. Og arbeidet i NMS som feira 175-årsjubileum der alt kvilte på og vart halde oppe av den same nåden.

Middagen var i Rosendal bedehus med 38 gjester. Årsmøtet var òg i Rosendal bedehus med 28 til stades. Utanom årsmelding og val litt samtale om arbeidet.

Festen var i Rosendal bedehus. Jostein Ådna tala ut frå Rom 15,14 fg: Han viste oss Paulus si misjonsteneste og kva det hadde å seia som inspirasjon for vårt arbeid i dag. Gerda Marie Ådna fortalde levande frå ei reise til Egypt, der ho og mannen var i januar 2017. Ei heller sterk og aktiv kyrkje som opplever stor motstand frå både muslimar og stat. Misjonsfolket i Rosendal skal ha stor takk for det gode praktiske arbeidet med årsmøtet og festen.

Siste året har det vore tre misjonsstemne, to på våren og ein på hausten.

Talet på foreiningar har gått ned dei siste åra. Men dei som fungerer, arbeider trufast og er sjølve grunnfjellet for alt misjonsarbeid. Men vi er urolege over høg gjennomsnittsalder i mange av foreiningane.

NMS Gjenbruk Bremnes er inne i sitt 12. år og arbeider godt. Inntektene i 2017 var på kr 857.739,- mot kr 887.693,- året før. Det er trusstyrkjande å sjå at der er så god balanse mellom nye varer som kjem inn og varer som går ut. Overskotet for 2017 vart på kr 401.681,- mot kr 412.687,- året før. Om lag 55 personar er knytte opp til den daglege drifta. Desse gjer eit stort og verdifullt misjonsarbeid.

Områdeutvalet har hatt fire møte og handsama 43 saker. Dei største og mest krevjande sakene er Sunnhordlandsaksjonen, Inspirasjonsmøtet, Områdestemnet/årsmøtet og Gjenbruksbutikken.

Ein hjarteleg takk til alle som på ulik måte er med i misjonsarbeidet i Sunnhordland. Takk for omsorg og forbøn. Men mest av alt takk til Gud som gav oss kallet og tenesta.

Gunnvald Bjotveit