Då var tida komen for Årskog barnehage si årlige kunstutstilling. Torsdag 22. april var heile barnehagen samla nede hos Larsen for å opna utstillinga si.

Dei hadde laga ein flott plakat,  med håndavtrykk frå alle kunstnerane. I det eine vinduet hos Larsen har dei stilt ut ein del av kunsten dei har laga i løpet av barnehageåret. Det var mykje fint å sjå, både troll, fiskar, fuglar og ulike bilde.  Under opninga underhaldt barna med song og dei serverte kjeks og juice til dei som hadde møtt opp. Det var mange som hadde tatt turen for å sjå på utstillinga, og barna viste stor glede når dei frammøtte klappa for underholdninga.

Utstillinga vart ståande i omlag ein månad, så dersom de ikkje allereie har tatt ein kikk, så ta turen å sjå!

Årskog barnehage vil takka alle som møtte opp under opninga og gjorde dette til ei triveleg stund, sender og ein stor takk til Larsen/Blomastova for utstillingsplass!