I eit av utstillingsvindauga hos Varehuset Larsen kan du no sjå vakker kunst, laga av små barnehender.

Det er Årskog barnehage som stiller ut, noko dei har gjort dei siste åra, til glede for fitjarfolk og barna sjølv.

– Dette er noko dei gler seg til og som er svært motiverande, seier styrar Torhild Alsaker i Årskog barnehage. Kultursjefen i Fitjar, Bente Bjelland, opna det heile og spanderte is.