Årskog barnehage opna fredag føremiddag kunstutstilling i Larsenbygget, etter å ha hatt kunstprosjekt over lengre tid.

Utstillinga kan ein sjå i utstillingsvindauget til høgre for inngangen til SPAR, og på opningsdagen serverte borna både kanapèar (mariekjeks) og god drikke (jus).

Utstillinga vert ståande i om lag tre veker.