Med forteljing, kake og opptreden av born og tilsette, markerte Årskog barnehage sitt 25 års jubileum i ettermiddag.

– Kva vil du seie er spesielt med Årskog barnehage?

Me spør noverande styrar Torhild Alsaker.

– Me er ein liten barnehage, men det har sine fordelar det óg. Slik får me nære forhold og tette band til kvarandre. Og så har me stranda, fjellet og skogen å boltre oss i, smiler ho, og let oss ikkje vere i tvil om at dei verkeleg kosar seg på området.

Det gjorde foreldre og born på festen i dag òg.

I tillegg til det allereie oppsette programmet fekk barnehagen vitjing av ordførar Harald Rydland. Gåver hadde han òg med: både sjekk og blomar, frå kommunen. Og så trekkspelet då. Han har gledd mange med spelet sitt, fitjarordføraren.

Då barnehagen vart starta av foreldre i 1986, vart Sissel Jørgensen tilsett som styrar for barnehagen som då talte 16 born. Dei andre tilsette var Oddbjørg Engevik Brekke, Sissel Lønning og Anne Aarskog.

Styrar i dag er Torhild Alsaker, og med seg har ho Hilde Bergesen, Oddbjørg Engevik Brekke (som har vore tilsett i 24 av dei 25 åra), Shyamali Thomassen og Seselie Vikanes.

Styreleiar er Christine Sævdal.