Med dette originale

Fitjar skulekorps avvikla årsfesten sin på Øvrebygda skule fredag kveld med god mat, flott musikk, stjerner og medaljar, og topp stemning.

Gymsalen i Øvrebygda var dekt til siste plass då Fitjar skulekorps bad inn til årsfest fredag kveld. Og ingen plassar var ledige då festen tok til; foreldre, søsken og besteforeldre kjende si besøkelsestid. Topp stemning frå første til siste stund, og ingen såg på klokka dei tre timane festen varte.

Skulekorpset har vore inne i ei rivande utvikling dei siste åra, etter at det nesten låg nede «med brekt rygg» for rundt 10 år sidan. Medlemstalet har vore aukande; i år har korpset 34 medlemmer og heile 9 aspirantar. Og dei musikalske prestasjonane er imponerande. Mykje av æra for all denne suksessen kan tilskrivast dirigenten dei siste åra, Svein Roger Koppang frå Stord. Styreleiaren i korpset, Ole Kristian Ottestad, seier med reine ord at det er Svein Roger som «blåst nytt liv i korpset».

Festlyden fekk etter kvart mange prov på det gode arbeidet i korpset. Aspirantane innleidde konserten med dei to stykka «Nede på stasjonen» og «Big big world». Ikkje lett å høyra at det berre er to-tre månader sidan dei begynte. Ein artig vri under kveldens konsert var at musikantane fekk opptre i mindre grupper med kvar sine stykke, før konserten med eit samla korps. Og det viste seg at dei takla den ekstrta utfordringa med å stå nesten åleine på scenen, utan å kunna «gøyma seg» i den store flokken.

Etter å ha opna med «Ross Roy» av Jacob de Haan framførte eit samla skulekorps dette repertoaret: «Pirate Suite» komponert av Heimdal. «Memory» av Rob Ares, med Ragnhild Prestbø som solist på euphonium. Earthsong, arrangert av R. Sebregt. «Fresh» av Torstein Aagaard Nilsen. «Real Pop» av Kees Ulak. «Eye of the Tiger» arr. av van der Velde. Til stor glede for eit entusiastisk publikum.

Svein Roger Koppang fortel at han fekk dirigentutdanninga si i Manchester, ved University of Salford. Her hadde han den kjente Yorkshire-dirigenten David King som lærar, og fekk utdanning som utøvar på trompet og kornett. I løpet av dei tre åra han budde i Manchester, var ikkje Svein Roger ein einaste gong på «Drømmenes Teater» – Old Trafford – men fire gonger på Anfield i Liverpool! Forstå det den som kan. Men uansett har han fått skulekorpset opp på eit høgt nivå, og til sommaren skal dei delta i NM for skulekorps. Midt i juni reiser dei til Stavanger for å framføra «Ross Roy», eit stykke som me fekk høyra at dei allereie har øvd inn. I mars/april begynner hardkjøret for å perfeksjonera seg. Svein Roger håper på ei topplassering, og seier han skal gå rundt Stordøya i strandtøflar, flip-flops, dersom dei blir blant dei tre beste i konkurransen. Journalisten lovar å bli med.

Styreleiaren i korpset, Ole Kristian Ottestad, leidde festen med stødig hand og like stødig røyst. Han nytta høvet til å takka barn og vaksne for godt arbeid. Gerd Marit Lunde delte ut stjerner og medaljar. Med og kasta glans over arrangementet var elles Anne Lene Østvold Jordåen frå Fitjar kulturskule, kultursjef Elise Aarbø, og mangeårig eldsjel og dirigent John Abotnes. Og ingen av dei sparte på lovorda. Me andre kan berre konstatera at me kan sjå 17. mai og andre festlege høve i lyst i møte.

Med dette originale «diplomet» viste musikantane at dei set pris på dirigenten sin. Foto: Kjetil Rydland.

Audun Arthur Mehammer solist på euphonium. Foto: Kjetil Rydland.
Audun Arthur Mehammer solist på euphonium. Foto: Kjetil Rydland.

June Volden, Svein Arne Raunholm, Torstein R. Kjelling, Kari Lambach Fitjar og Jacob Mehammer framfører
June Volden, Svein Arne Raunholm, Torstein R. Kjelling, Kari Lambach Fitjar og Jacob Mehammer framfører «Hornpipe». Foto: Kjetil Rydland.

Aspirantane opna konserten med
Aspirantane opna konserten med «Nede på stasjonen» og «Big big world». Foto: Kjetil Rydland.