For første gong på 17 år markerte friidrettsgruppa sesongslutt 2007. Dette var tidlegare ein årviss tradisjon der utøvarane fekk premiar for oppnådde stemneresultat gjennom sesongen. Etter trening tysdag var 25 unge utøvarar igjen samla til årsfest. 

Etter initiativ frå Rolf Vik og Bård Inge Bø vart det på nytt blese liv i friidrettsgruppa for nokre år sidan. Jamt og trutt har gruppa vakse, og på tysdagstreningane er det no på det jamne 25 – 30 aktive. Dei ulike årsklassane er bra representerte, særleg gledeleg er det at -94 kullet har vore stabilt med heilt frå starten. 

Fleire aktive generer høgare aktivitet, og friidrettsgruppa har planar for å reise på mange stemner, men også approbere eigne stemner 2008-sessongen. Resultat utøvarane oppnår på desse stemna gjev poeng som igjen vert grunnlag for premiar til neste årsfest. Premieringa er uavhengig av aldersklasse, men yngre utøvarar får høgare poengsum for elles like resultat. 

Etter treninga denne tysdagen var det duka til fest i foajeen i kultur- og idrettsbygget. Enkel festmat vart servert, før premieseremonien tok til. Det vart delt ut premiar i øvingane hopp, kast og løp for jente og gut. Mange stolte utøvarar fekk fine premiar, medan enno fleire fekk inspirasjon til å stille godt førebudd til årets sesong. 

 

Beste:

-Hopp gutar:   

1.Sjur Rydland(97).lengde med tilløp 3,44(861,4p)                       
2.Jøran Alexandersen(94),lengde med tilløp 3,70m(653,5p)                       
3. Truls Fitjar(94),lengde med tilløp 3,37m(584,2p)

-Løp gutar:      
1.Sjur Rydland(97),60m 10,8(519,5p)                       
2. Truls Fitjar,60m 10,23(293,2)                       
3.Simon Kongestøl Vik,60m 10,35(256p).                       

-Kast gutar:     
1.Sjur Rydland(97),kule 6,13(817,6p)                       
2.Jøran Alexandersen(94),spyd 25,22m(568,8p)(400g)                       
3.Truls Fitjar(94), diskos

-Hopp jenter:    
1.Anna Nøttveit, høgde utan tilløp 1,00(753p)                       
2.Siri Landa, høgde utan tilløp 0,95(705,5p)                       
3 Theresa Heggøy,lengde utan tilløp 1,91(694p)
3.Maria Rydland, lengde utan tilløp 1,91(694p) 

-Løp jenter:     
1.Marianne Raunholm,60m 9,44(719,2p)                               
2.Maria Rydland,60m 9,97(586,1p)                      
3.Theresa Heggøy,60m 10,03(559,9p) 

-Kast jenter:    
1.Turid Marie Fitjar(94),kule 7,37m(645,8p)                      
2.Maria Rydland(94),kule 6,43m(514,4p)                      
3.Marianne Raunholm(94),kule 5,76m(420,4p)