Friidrettsgruppa gjennomførde både lokalt stemne og årsfest onsdag kveld i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Det var først stemne inne i hallen i greinene høgde og lengde utan tilløp. Bård Inge Bø i friidrettsgruppa fortel at det var mange som deltok og det vart satt mange personlege rekordar denne dagen. Dette var truleg avdi det var lenge sidan dei hadde konkurrert i desse greinene, og at ein no ser at treninga har gitt resultat. 18 ungar/ungdomar deltok i lengdekonkurransen og 12 deltok i høgde. Sander H. Thomassen klinka til med heile 1,00 m i høgde utan tilløp. Dette gjev 1000 poeng etter tyrvingtabellen for 10-åringar. Tabellen går ikkje lenger ned, og når ein tenkjer på at Sander ikkje vert 10 år før i 2009 vert prestasjonen endå større. Dette var det beste resultatet som vart oppnådd av nokon på Fitjar i løpet av heile året! I lengde utan tilløp var det Joahnnes Myhre som imponerte mest med 1,92 m(965 poeng).

Etter stemnet var det fest med pizza, brus, is og premiar i foajeen. Dei første, og viktigaste, som vart heidra var dei som har hatt flest oppmøte på stemner i 2008. Tom Rydland, Rolf Vik, Bård Inge Bø og Marianne Aarbø i leiargruppa gler seg over at heile 31 stykker har delteke på stevne i år. Det var pokalar til dei 12 som hadde fleste stemnestartar, og desse hadde mellom 21 og 11 startar kvar. Dette var: Oda Rydland, Markus K. Vik, Johannes Myhre, Ådne K. Vik, Sindre Aarbø, Sjur Rydland, Ola Fitjar, Guro Rimmereid, Brynjar Traa, Vegard Aarbø, Christian Helland og Maria Rydland.

Vidare vart det delt ut pokalar for dei tre beste prestasjon i dei ulike greinene, uavhengig av alder og kjønn. Då skjer samanlikninga etter tyrvingtabellen, der same resultat gjev ulik verdi etter alder,kjønn og type aktivitet innan greina. Det var stolte friidrettsutøvera som tok imot pokalar og aplaus.

Beste løp, gutar:1.Ola Fitjar, 60m 10,3(600p), 2.Sjur Rydland, 60m 9,9(581,5p), 3.Frode Malkenes, 60, 9,9(581,5p)

Beste løp, jenter: 1.Oda Rydland,40m 7,64(601p etter ti års tabell), 2.Maria Rydland, 60m 9,7(554,5p), 3.Vilde Raunholm, 60m 11,0(473,5)

Beste kast, gutar: 1.Johannes Myhre, liten ball, 29,55m(536,5p), 2.Ådne Vik, liten ball 29,03m(520,9), 3.Sjur Rydland, liten ball 32,48m(354,4p)

Beste kast, jenter: 1.Oda Rydland, kule 2 kg 6,09m(971,3p etter ti års tabell), 2.Guro Rimmereid, kule 2 kg, 4,50m(811p), 3.Henriette Tranøy, kule 2 kg, 4m48m(808,2p)

Beste hopp, gutar: 1.Sander Haukefær Thomassen, høgde utan tilløp 0,96m(966p etter ti års tabell), 2.Johannes Myhre, lengde utan tilløp 1,93m(965), 3. Jone Træet, lengde utan tilløp, 1,97m(870p)

Beste hopp, jenter: 1.Oda Rydland, høgde utan tilløp 0,93m(933p etter ti års tabell), 2.Guro Rimmereid, høgde utan tilløp 0,75m(762p), 2.Anna Nøttveit, høgde utan tilløp 1,05(762p)

Neste veke tar friidrettsgruppa haustferie, men frå veke 42 er dei klar med nye treningar. Frå då av vert treningane inne i idrettshallen tirsdagar kl. 17-18. Nye og «gamle» friidrettsutøverar er velkomne til å ta med innesko og møta til trening då.