Onar Westerheim sette årsbeste på 500 og 1000 meter under sprintløpa i Inzell sist helg, men måtte sjå seg klart slått av «Måken» frå Tørvikbygd, Brynjulf Måkestad.

Inzell er ein liten, idyllisk by nær grensa til Austerrike. Husa i området er bygde i tyrolarstil, mange av dei er rikt dekorerte. Her er tilbod til alle med interesse for vintersport, både ski og skøyter. Her låg alt til rette for topptider for dei to lokale veteranskøyteløparane som reiste nedover for å delta på det 15th Masters International Sprint Classics, ein meisterskap med 160 deltakarar frå mange nasjonar.

Det var spanande å sjå den nye hallen og prøva isen. Det tok litt tid å tilpassa seg den glatte, harde isflata. Det gjekk betre siste dagen, søndagen. Onar fekk tida 44.02 på 500 m og 1.28.73 på 1000 m, begge årsbeste og 4.-plass samanlagt i klasse 60-64, med 16 deltakarar. Han måtte sjå seg slått av Brynjulf Måkestad og den endå meir kjende Erik Vea. Begge desse er litt yngre enn Onar. Jan Henriksen frå Stord fekk 47.58 på 500 m og 1.35.72 på 1000 m. Det heldt til 6.-plass samanlagt i klasse 65-69, blant 14 deltakarar. Opphaldet gav gode erfaringar med tanke på VM-allround på same bane neste år.

Det sette ein ekstra spiss på opphaldet å stå «ringside» og sjå Kramer og andre toppløparar gå testløp i pausen. At isen var god viste tidene, t.d. gjekk Sven Kramer 500 m på tida 36.39.

Resultat frå løpa i Inzell kan du lesa her: