Håvard Helland har kjørt lite rallycross i år, men i dag klarte han målet sitt om å nå A-finalen i NMK Vikedal cup.

Etter jamt bra kjøring i dei innleiande rundane blei han belønna med årets første A-finale, i den største klassen, med motorar over 2400 ccm. Her fekk han eit av dei dårlegaste startspora, og hadde ingen sjanse mot dei beste, men kom til slutt inn til ein fin 5.-plass. Etter som han ikkje har kjørt så mykje i år, seier han seg godt fornøgd med å nå A-finalen.

Den store supporterskaren frå Fitjar fekk ikkje så mykje meir å gle seg over i dagens løp i Vikedal. Dei to juniorane Jonas Lønning og Gisle Aarbø har fleire fine resultat å visa til i denne sesongen. Men ingen av dei hadde heilt dagen i dag. Jonas tapte loddtrekking om ein plass i C-finalen, og måtte dermed nøya seg med 17.-plass. Det gjekk ikkje så mykje betre for Gisle Aarbø. Han kom seg til C-finalen, men her fekk han motorstopp og kom ikkje til mål.

Sluttstillinga i NMK Vikedal cup kan du lesa her: