Ei gruppe elevar ved Fitjar VGS inviterer eldre til gratis julebord.

 Silje Ekre, Maria Larsen, Maria Bauge, Selvije Berisha og Johanne Dybvik ved Fitjar Vidaregåande Skule har sendt oss denne meldinga:
 
"Me er ei gruppe på fem elevar ved Fitjar vidaregåande skule som starta eit prosjekt me kallar Gledesspreiar tidlegare i haust. Sidan prosjektet vårt har som føremål å auka livsgleda til dei eldre i Fitjar, arrangerar me eit gratis julebord den 10. desember. Julebordet vil halda stad i Fitjar vidaregåande skule si kantine frå klokka 17.00 til klokka 21.00.
 
Høyrest dette interessant ut; meld deg på til Johanne på tlf 98067501.