Foto: Kjetil Rydland / Fitjar fjellsameige

Til helga finn Fitjar sin aller første fjellfiske-festival stad!

Fitjar fjellsameige inviterer til Fiskefestival på laurdag.

– Grunna koronasituasjonen vart den tradisjonelle fiskefestivalen avlyst i år. Det tykte me var leit, og fann ut av me skulle skipa til fjellfiske-festival, fortel arrangementansvarleg Kristian Skumsnes.

Han fortel at hendinga tek til kl. 10 med oppmøte ved Olstjødno. Deretter får dei køyra ut til dei ulike vatna ein kan fiska i.

– Deltakarane kan velja mellom Olstjødno, Kidnavatnet, Midtvatnet, Longavatnet eller Kyrkjevatnet, fortel Skumsnes.

Han lova flotte premiar, og fortel at det er gratis for alle under 16 år å delta.

– Dei 25 første påmeldte får ei lita gåve. Alle må melda seg på i forkant grunna koronaen, og bindande påmelding skjer via SMS til 99223972.

– Me håpar dette kan vera ei kjekk hending, og at mange vil prøva fiskelykka på laurdag, avsluttar Skumsnes.