Her er gruppeleiar i Høgre, Arne Prestbø, sine svar på FP sine spørsmål.

Her er spørsmåla:

1. Kva ser de på som den viktigaste politiske satsinga i 2013

2. Korleis vurderer de situasjonen innan skule og helse no?

3. Me har fått ein del signal om at det er satsa for lite på kultur? Kva tankar har de om det?

4. Om Fitjar uventa hadde fått 50 millionar ekstra, kva ville de ha brukt dei til ?

Her er Arne Prestbø sine svar:

1. Eit stort fleirtal av Fitjar Kommunestyre seier at dei vil vidareføre dei gode tenestene som kommunen gjev innbyggjarane utan å auka driftskostnadane monaleg. I tillegg sikrar me med hjelp av inntekter fra Midtfjellet vindkraft, overskot på budsjettet, samt nedbetaling av ny skule. Kan og nemna : Veglys langs skulevegar i alle tre skulekrinsane, auka vedlikehald kommunale bygg og sentrumstiltak.

2. Innafor skule/ oppvekst meinar me at ein med hjelp av flinke godt kvalifiserte tilsette klarer å oppnå gode resultat med ungane våre. (Godt gjort når ein ser korleis det er på Rimbareid skule for tida.) Flinke omsorgsfulle tilsette klarer óg å yte gode verdige tenester på høgt nivå innan eldreomsorga.

3. Dei signala får stå for eiga rekning. Sanninga er at ein ikkje før har satsa så mykje innafor kultur som ein gjer i 2013. Eg vil m.a. vise til at mellom 40 – 50 % av grunnskuleelevane ( ca 180 stk ) deltek i det mangfaldige tilbodet kulturskulen har å tilby. ( Dei nasjonale målsetjingane er 30 %)

4. Merkeleg urealistisk spørsmål dette. Svaret lyt vera 3-delt og like kjedeleg som det er enkelt :

1. del går til byggjing av 2 – 3 kommunale utleigebustadar til dei som på eiga hand slit for å få tak over hovudet.

2. del går til avsetjing på eit reservefond for å kunna gje eit betre handlingsrom i framtida.

3. del går til nedbetaling av gjeld som me no påfører oss ved bygging av ny skule på Rimbareid.

Med det same vil Kommunestyregruppa til Fitjar Høgre ynskja Fitjarposten og dens lesarar eit FORTREFFELEG NYTT ÅR!