Cirkus Arnardo har vore ein trufast gjest på Stord dei siste åra. Torsdag 18. august er dei på Leirvik med det dei sjølve kallar storproduksjon.

Om årets førestilling seier dei mellom anna: «Nytenkende artister og bamebrytende akrobatikk.»

Til Leirvik kjem dei med ein rullande konvoi på 40 trailerar. Med klovnar, sjonglørar, hestar, akrobatikk, strapetz, linedansar, dresserte dyr, trapeskunstnarar og eit heilt spesielt elefantnummer.

Det er i år Arnardo sin 63. sesong sidan Arne Arnardo starta det heile i 1949.