Det vart ingen store overraskingar under årsmøtet til Fitjar Indremisjon på Fitjar bedehus i går kveld.

Rolf-Atle Rolfsnes hadde takka nei til attval og går såleis ut av styret, mens Trygve Eiken og Magnhild Turøy sa seg viljuge til å stå vidare og vart valt inn på nytt. Marianne Aarbø vart ny styremedlem etter Rolf-Atle Rolfsnes. 

Det nye styret i Fitjar Indremisjon ser då slik ut: 
Trygve Eiken
Magnhild Turøy
Marianne Aarbø
Steinar Vik
Bjørg Lise Vestbøstad. 

Varafolk:
1. Annlaug Hovstad
2. Trond Stokken
3. Reidun Heradstveit 

Under samtalen om arbeidet vart det ein god del innlegg om Storsamlingane. Konklusjonen på det må vere at det er stor semje om at Storsamlingane er svært verdfulle arrangement som ein gjerne vil skal fortsetje.

Med omsyn til kor ofte dei skal vera var det derimot litt ulike syn. – Det er i alle fall viktig at dei som står for desse samlingane ikkje slit seg ut på det, vart det sagt.