Nyebilen. Foto: Jonas Lønning

Etter ei lang helg, med fem innleiande heat over 2 dagar, fekk Arild Vik og Vik Motorsport seg ein velfortjent 1. plass med nye bilen.

Søndag 14. juni ved Vikedal motorbane klinte Arild Vik til –  og knuste alle andre førarar i ein triller av ein finale.

Laurdag vann Arild to av sine tre innleiaende heat. I heat nr. 2 blei han slått av Johnny Brådli frå NMK Egersund. Samanlagt første dag heldt ikkje tidene meir enn til ein 3. plass, då Lars Reidar Frøyland fra NMK Vikedal hadde synt svært gode taktar med to bestetider.

Søndagen hadde Arild bestemt seg for å leggje lista litt høgare, og satsa knallhardt ut fra start i begge omgangane. Dermed greidde han å sikra seg to heatsigrar og to bestetider, rykte ein plassering fram – og fekk 2. startspor i finalen søndag ettermiddag.

I finalen hadde Arild ein perfekt start og greidde å ta seg opp i tet allereie før første sving.
I Vikedal hadde arrangørene preparert eit heilt nytt og svært forseinkande alternativspor som alle bilane måtte innom ein gong –  i løpet av de 4,5 finalerundene. -Dermed var det spenning heilt til siste sving, og det blei ein ulideleg spennande finale, seier Arild.

Vik Motorsport fekk ei strålande helg, med den aller gjevaste pokalen som belønning !

Arild vil takke alle som hadde tatt turen til Vikedal i helga – noko som sette ein ekstra spiss på det heile.

Neste helg er det Bergen som står for tur med bakkeløp laurdag og rallycross søndag – ved Eikås Motorsenter i Åsane.

Nyebilen. Foto: Jonas Lønning