På denne tida er det travel aktivitet i mange banklokale. Alle bøssene som er leverte skal tømmast og pengane teljast.

I Sparebanken Vest sine lokale kom dei 56 bøsseberarane attende med bøssene. Det vart servert kaffi og kake, og ein kunne slå av ein prat med aksjonsleiar Wenche Tislevoll og personar frå utval for oppvekst og omsorg. Saman med Ellinor Bergesen ved Frivilligsentralen hadde desse ansvar for å organisere årets store innsamling. Dei er overvelda over folk sin innsats i høve innsamlinga. Teljinga føretok tilsette i banken og resultatet var klart før kl 20.00. Pr telefon har me fått vite at det er samla inn over 173.000 kr. Då er dagens kyrkjeoffer rekna med. Det same gjeld summen som vart samla inn på Øvrebygda skule denne veka. Klokka 21.20 skriv Ellinor i ein SMS at Fitjar er på topp 6 i Hordaland med 67 kr pr innbyggjar.

Summen kan bli større. Folk som ikkje var heime då bøsseberarane gjekk rundt, kan betale inn på konto 8380 08 09005. Dette nummeret står også på lappen som vart limt på stengte dørar.(Viss han ikkje har blåse vekk; det var dårleg lim på baksida).

Årets TV-aksjon går som kjent til Nasjonalforeningen for folkehelsen med fokus på demens.