Fitjar bedehus var stappende fullt då Steinar Vik ønskte alle velkomne til Barnas Julemesse i ettermiddag.

Barnekoret song friskt og vakkert som vanleg, under leiing av Ingvild Brekke Myhre. Fleire av borna deltok som solistar på nokre av songane.

Johannes Olsen engasjerte borna då han heldt andakt. To jenter og ein gut kom frivillig fram og var med og illustrerte den gode bodskapen om at Jesus er den største julegåva, med klar oppfordring til å ta i mot den gåva som gir evig liv, slik det står i Johs. 3,16.

Etter matpausa var det åresal og spesielt høve for borna til å kjøpe kvar sitt lodd i Gull-lotto. Dei lodda ville gi sikker gevinst. Som vanleg når det er julemesse, var det sal av lefser, julekaker og anna bakverk. Elles kunne ein kjøpe gamle bedehuskoppar og anna service til ein rimeleg sum.

Julemessa starta eigentleg på føremiddagen då det bl.a.var sal av risgraut, lodd på hovudgevinstane og sjølvsagt åresal. På ein slik dag får folk hyggje seg med kvarandre og drikke kaffe i lag, og samtidig gi ei økonomisk støtte til drift av bedehuset. Finn Audun Andreassen som er leiar for bedehusstyret, fortel i kveld at det vart eit kjemperesultat av årets julemesse, i underkant av 100.000 kr. Det er minst 15.000 meir enn tidlegare.