Utstillarane var delt i tre grupper og dermed er det kåra tre vinnarar.
Bakken Barnehage vann gruppa for barnehage/skule. I gruppa privat sigra toget til Venita og Chris André. Larsenbygget gjekk til topps i gruppa Bedrifter.
Det er trekt ut ein vinnar mellom dei som gav stemme, og vinnaren er: Gyda Hodne Hageberg, skriv Rolf-Atle Rolfsnes i ein e-post. Han har teke bileta som er vedlagt.
Vinnarane kan hente gåvekort hos Spar.
Ingressbilete: Bakken Barnehage sitt produkt.