Det er Ole Vidar Helland som seier dette etter å ha sett folk frå Fitjar Racing Team dra mann av huse med kurs for Vikedal.

Han meiner dette må vera årets løp for det lokale racingteamet etter som alle bilcross- og rallycrossførarane skal køyra. I juniorklassen er Jonas Heggøy einaste Fitjar-førar på startstreken. Men i seniorklassen stiller eit heilt kobbel i Fitjar-fargane.

Eit ikkje heilt uinteressant comeback blir det når far til Jonas, Terje Heggøy, fyrer opp løpsbilen igjen. I tillegg stiller Gisle Aarbø, Jonas Lønning, Oliver A. Matre, Arne Torsen, Joar Torsen, Martin Fausk og Håvard Dalen opp i bilcross senior. Oliver fortel til Fitjarposten at han no har brukt ei ferieveke på Rydland for å gjera bobla si klar til VM-runden i Vikedal. Oliver vonar å hevda seg blant dei beste, etter at tekniske vanskar øydela sist han var i elden, for eit par månader sidan. I klassen hans er det 36 som startar, og Oliver vonar å ha 35 av dei bak seg søndag ettermiddag!

I rallycross stiller Håvard Helland og Paul Vik meir skarpskodde enn nokon gong. Paul har endeleg fått luka ut dei tekniske problema. I motsetnad til Håvard har ikkje Paul forgassarar under panseret, men direkte innsprøyting. Dermed er Paul avhengig av at elektronikken fungerer perfekt for å få maks effekt ut av motoren. No har bilen vore hos Raymond Nordnes på Husnes Pitstop Service og fått luka ut feil på leidningsnettet, som øydela det førre løpet til Paul. Dermed ligg alt til rette for ein prestisjefylt duell mellom dei to Fitjar-førarane i rallycross, ein klasse som denne gongen tel 11 bilar.

I morgon er det paralellrace i alle klassane. Her køyrer to og to mot kvarandre om lag som i skeisløp, og tida avgjer resultatlista. Sjølv om ein racerbilførar gjerne trør gassen i botnen når han først sit bak rattet på startstreken, kan det nok henda dei held litt igjen i morgon. Det gjeld at ikkje utstyret blir øydelagt før søndagens VM-runde – det er då det gjeld som mest!

Me kjem tilbake med rapport etter at løpa er ferdige søndag. Men dersom du ikkje har tid til å venta, kan du følgja med på Facebook eller andre sosiale medium.

Ingressbilete: Bilen til Paul Vik, på hengaren, er klar til dyst, det same er bilen til Håvard Helland, bak i bussen.

 

 

 

anabolen