Pressefoto: Rotlaus

Ole Bergesen er spent, men gler seg til Rotlaus kjem til Fitjar 14. februar. – Ja, dette trur eg vert ein fantastisk kveld.

Den daglege leiaren ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel at det er første gongen Ørsta-bandet kjem til Fitjar, og han trur dette vert årets storfest.

– Rotlaus var eit band som vart kjent nærmast over natta, og har blitt eit svært ettertrakta liveband. Dei har ikkje vore mange turane til Sunnhordland, so me kan jo håpa at folk kjem tilreisande til Fitjar for konserten, fortel Bergesen.

Han håpar dei kan koma opp i 700 selde billettar, men har samtidig «førstegongsnerver».

– Det er alltid spennande første gongen eit band kjem på besøk, men eg trur som sagt dette bandet kan lokka tilreisande. I tillegg trur eg Fitjar-folk er flinke til å ta turen når det skjer noko i kommunen, særleg når me kan stilla med kanskje det beste livebandet i landet. Eg trur rett og slett det vert ein heilt fantastisk kveld!

Lurt å bestilla på førehand

Bergesen kan fortelja at førehandssalet er greit. Til no har han seld fleire billettar enn det var selt 20 dagar før Vassendgutane-konserten i oktober. Dei drog over 600 frå fjern og nær til FKIB i oktober.

– Me har bevisst gjort det billigare å kjøpa billett på førehand enn i døra. Det er fordi me ynskjer å få betre oversikt over kor mange som kjem før sjølve konsertdagen. Då kan me gjera store nok innkjøp og skaffa nok vakter. Me vil at alle skal han ein bra kveld, seier Bergesen.

Han oppmodar folk til å hiva seg rundt å bestilla billettar, om du vil ta med vennegjengen eller feira «valentinsdagen».