Dagleg leiar Ellinor Bergesen, her frå Fitjar Frivilligsentral si 20årsfeiring. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Inviterer inn til mobilitetsdagen 22.september med spennande og sprekt program.

Fitjar kommune og Fitjar frivilligsentral har i år gått saman om ein samarbeid for å markera mobilitetsdagen som ein del av den europeiske mobilitetsveka.

– Det blir føremiddagsprogram for dei som er heime på dagtid i tillegg til eit eige ettermiddagsprogram. Dagen vert også markert på alle barnehagar og skular i kommunen, fortel Ellinor Auestad Bergesen, dagleg leiar ved Fitjar Frivilligsentral.

Først ut er Fitjar-Olympiade i rullator ute ved Havnahuset Bu- og servicesenter. Ordførar vil ha snorklypp og fanfare. Elevane ved Fitjar Vidaregåande skule, helsefagarbeidarlinje har laga oppgåver og er medarrangør på olympiaden.

– Vi trur at dette blir eit kjærkomen innslag i ei elles keisam coronatid.

El-sykkel, rebusløype og balanseløype

Litt seinare ved Fitjar Kultur og Idrettsbygg vil Fitjar – rådmann ønskja velkommen og fortelja om nytt mobilitetsprosjekt.

– Me får besøk av «sykkelgeneral» Einar Grieg frå Bergen. Du får prøva el-sykkel hos Sport1 ute på p-plassen, fortel Auestad.

Ho fortel at det vert både rebusløype i sentrum, og sykkeltur med Team Rynkeby rundt Vestbøstad seinare på dagen.

– Grunntanken med arrangementet å vera i rørsle denne dagen på ein så «grøn» måte som mogleg. Det vert gratis mat frå Engesund Visningssenter og nye PS Bryggekafe, men me ber deg ta med eigen kopp til kaffien.

For dei som ynskjer vert det gratis skyttelbuss til sentrum. Fitjar Kommune spanderer, og busstidene kjem seinare.

– Vi håpar mange fitjarbuar vil komma og delta. Vi lovar godt smittevern, forsikrar Bergesen.

Sjå Fitjar kommune sine heimsider for fullt program og busstider