Det var ikkje enkelt å vera Fitjar-keeper Jacob Mehammer mot Fana 2 i går kveld. Foto: FP-arkiv/KR.

A-laget innkasserte årets første grisebank i 5. divisjon i går kveld, då dei tapte heile 0-7 for Fana 2 i Bergen.

Fitjar har hatt ein lovande start i årets 5. divisjon med ein god kamp mot sterke Austevoll i opninga, og storsiger mot Bønes i første heimekampen sin. Men borte mot Fana 2 i går kveld gjekk det skikkeleg ille. Heile sju mål måtte keeper Jacob Mehammer plukka ut av nettmaskene.

Fana 2 brukte ikkje meir enn ein halvtime på å avgjera kampen mot Fitjar på kunstgraset sitt på Nesttun. Då stod det 3-0 over Fitjar, og dei kunne cruisa inn til sin første siger av året, og til alt overmål blei det så klart som 7-0, etter 4-0 ved pause.

– Me taper vel fortent mot eit mykje betre lag, vedgår Fitjar-trenar Jan Åge Tislevoll.

Fana 2 var betre enn i alle fasar av spelet, legg han til, og gutane hans var aldri i nærleiken, mot eit godt forsterka Fana 2. Det nytta ikkje at fitjargutane kjempa så godt dei kunne. Det blei såleis ein strid A-lagsdebut for Joakim Malkenes (fødd 2004) og Victor Fjelltun (fødd 2002).

– No gjeld det berre omstilla og levera mykje betre på fredag når BI Bergen kjem på besøk til Fitjar! seier Jan Åge Tislevoll til slutt.

Måtte lukka smila til A-lagsgutane i Fitjar Idrettspark førstkomande fredag kveld! Sjå tabell og terminliste på sidene til Hordaland Fotballkrets.

Fana 2 – Fitjar
Nesttun Kunstgress måndag 6. mai kl. 20.00
Seriekamp 5. divisjon avd. 02 Hordaland
Dommar: Kristoffer Harald Sontum, Smørås IL
Publikum: 15

Mål: Alexander Stockinger (20.), Mathias Hjortland Vike (33.), Lars Yonas Larsen (35.), Alexander Stockinger (45.) Lars Christian Moldestad (75.), Philip Martin Tefre Steen (85.) Lars Christian Moldestad (89.).

Gult kort: Philip Tinius Riise Austbø, Fana 2

Fitjar sitt lag mot Fana 2: Jacob Mehammer (Elias Westerheim 80.), Ronny René Bjellebø (Viktor Fjelltun 35., Kristian Træet 60.), Ronald Skår, Helge Myrmel Træet, Torbjørn Korsvik, Svein Arne Jordan Raunholm, Jonas Yang Tislevoll (Joakim Malkenes 60.), Kristian Træet (Emil Sæterbø Fitjar 25.), Mats Vestvik (Viktor Fjelltun 75.), Leif Tore Nesbø Aarland, Marius Helland Storebø.