Marius Helland Storebø avgjorde kampen mot Vaksdal. Foto: FP-arkiv/KR.

Onsdag kveld har A-laget til Fitjar vore i Vaksdal og innkassert sesongens første bortesiger, med 1-0 etter scoring av Marius Helland Storebø.

Scoringa til Marius kom etter 55 minutts spel og var av den «ferdigscora» typen. Spisskollega Daniel Skarpnes dribla av fire-fem Vaksdal-spelarar før han la 45 grader ut. Og der kunne ikkje Marius unngå å scora.

Fitjar-trenar Jan Åge Tislevoll fortel at laget hans gjerne kunne vunne med fleire mål. Dei hadde sjansar nok, mot eit ikkje altfor godt heimelag. Vaksdal satsa på lange ballar fram mot store og sterke angriparar. Men i midtforsvaret til Fitjar rydda Torbjørn Korsvik og Helge M. Træet opp i alt som kom.

I tillegg til dei to midtstopparane vil Jan Åge framheva dei to i motsett ende av banen. Målscorar Marius Helland Storebø og Daniel Skarpnes er alltid giftige, slår Fitjar-trenaren fast. Elles var Jan Åge mest fornøgd med laginnsatsen; alle jobba godt i dag, seier han.

Fem minutt før slutt sleppte han innpå ein debutant, nemleg unge Sondre Fitjar. Og Andreas Vestbøstad spelte sin første seriekamp frå start for A-laget. Me har sett fleire debutantar og andre ungdommar tidlegare i vår, og det kan tyda på at rekrutteringa er bra.

Etter kveldens trepoengar har Fitjar plassert seg nokså midt på tabellen i 5. divisjon avd. 02 Hordaland med sju poeng. Neste sjanse til poeng kjem tysdag 4. juni på heimebane mot botnlaget Juristforeningen.

Vaksdal IL – Fitjar IL 0-1 (0-0)
Vaksdal idrettsplass onsdag 29. mai kl. 20.00
Seriekamp 5. divisjon avd. 02 Hordaland
Dommar: Rune Salmo, Leirvik BK

Mål: 0-1 Marius Helland Storebø (55.)

- Annonse -

Gult kort: Daniel Skarpnes, Fitjar.

Fitjar sitt lag: Ruben Træet, Jonas Aleksandersen, Helge Myrmel Træet, Torbjørn Korsvik, Andreas Vestbøstad, Kristian Træet (Sondre Fitjar 85.), Svein Arne Jordan Raunholm, Leif Tore Nesbø Aarland, Ronny René Bjellebø (Jan Åge Tislevoll 88.), Daniel Skarpnes, Marius Helland Storebø.