Tolvåringane til Fitjar leverte årsbeste då dei tapte 20-22 mot Nore Neset på heimebane i dag.

Fitjar-gutane i 12-årsklassen har gledd eit entusiastisk publikum med mykje bra spel denne sesongen. Søndagens kamp mot Nore Neset blei ikkje noko unnatak. Motstandarane stilte med tre gutar på dispensasjon fordi dei er eitt år for gamle. Desse overårige var svært dominerande på gjestene sitt lag, og me fekk sjå noko så spesielt som frimerke.  Arild Fitjar Waage fekk den vanskelege jobben med å stoppa den store og sterke storscoraren frå Nore Neset. Denne oppgåva løyste Arild godt, men ikkje godt nok til at Fitjar vann kampen.

Nore Neset kom best i gang, og det gjekk som vanleg ei stund før Fitjar-gutane kom skikkeleg i gang. Men etter kvart fekk keeper Marius Strand tak på skota frå Nore Neset, og imponerte med mange flotte redningar. Og midt i første omgang var heimelaget a jour, og heldt følgje med dei gode motstandarane sine heilt til siste slutt. Etter fire-fem minutt i andre omgang var dei endå til oppe i ei eittmålsleiing. Diverre avslutta gjestene eit strå kvassare, og kunne innkassera ein tomålssiger, med 22-20.

Som vanleg spela Jonathan Tranøy ein god kamp, og blei toppscorar med sju mål. Men denne gongen fekk han godt følgje av heile laget, og me såg svært lite til dei personlege feila som av og til pregar laget. Tvert imot heldt dei trøkket oppe heilt til kampslutt, og hadde fortent minst uavgjort i ein kamp som må vera årsbeste.

Fitjar sitt lag (mål i parentes):
Marius Strand (keeper)
Arild F. Waage (2)
Fredrik Vik (1)
Jonathan Tranøy (7)
Jon Andreas Hopperstad
Hafsteinn Runarsson (4)
Torstein Raunholm Kjelling (1)
Marcus T. Opshaug (4)
Markus Gerhardsen (1)
Morten Ivarsøy