Ein arbeidar vart treft av ein bag med verktøy som fall ned frå stor høgd under vindmøllemontering på Midtfjellet rundt kl. halv fire i natt.
Mannen vart frakta til Haukeland universitetssjukehus og skal vere alvorleg skadd. Arbeidstilsynet vil i dag gjere undersøkingar saman med politiet. Byggjeleiar Sigve Martinsen seier til sunnhordland.no at han ikkje ønskjer å kommentere saka utover det politiet seier.