Tidleg laurdag føremiddag fekk politiet melding om arbeidsulykke på Stord. Politi og ambulanse vart sendt til staden.

Ambulansepersonellet jobba med hjarte- og lungeredning på staden, men lege bekrefta at mannen var død.

Avdøde er ein mann i slutten av 30-åra, og fra Aust-Europa. Avdøde blir sendt til obduksjon. 

Ulykka skjedde på Kværner sitt demoleringsanlegg på Stord. 

-Avdøde jobba med platearbeid, og fekk ei tung plate over seg. Saka vert vidare etterforska av Stord lensmannskontor, opplyser Rune Plassen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.