Pressemelding: Talet på heilt arbeidsledige personar i Vestland er redusert med 2 277 den siste veka, frå 24 910 til 22 633.
– Utviklinga er litt svakare enn førre veke, men likevel om lag som venta, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland.
Som førre veke aukar framleis talet på delvis ledige, men klart svakare denne veka frå 18 529 til 18 796 som utgjer 267 fleire. Dette betyr at mange av dei som går attende til jobb går rett inn i full stilling.
Talet på heilt ledige fell innan alle yrkesgrupper og mest innan og reiseliv og transport (-467), butikk- og salsarbeid (-375) og ulike serviceyrke (-350).
– Det er langt igjen til vi er i ein normalsituasjon att, men kjekt å sjå at dei hardast råka bransjane har så sterk reduksjon i tal ledige, seier Bogsnes.
Alle aldersgrupper får del i nedgangen også denne veka. I aldersgruppa 20-24 år registrerer vi -412 og i aldersgruppa 25-29 år -352, til saman -764. Dei unge får såleis gledeleg stor del av reduksjonen.
På landsnivå er arbeidsløysa no 7,5 prosent. Lågast i Nordland med 5,4 prosent og høgast i Oslo med 9,7 prosent.