Illustrasjonsfoto: KS

Pressemelding: NAV Vestland melder om ein nedgang i arbeidsløysa, men merkar seg at aldersgruppa 19 år og under er den einaste gruppa der tala går i feil retning.

I august var arbeidsløysa i Hordaland og Sogn og Fjordane til saman på 2,2 prosent av
arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på om lag 950 personar i høve til august i fjor. Den sesongjusterte arbeidsløysa gjekk ned med 87 personar i august, samanlikna med juli.

I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,4 prosent av arbeidsstyrken – ein nedgang på 966 personar i høve til i fjor, medan Sogn og Fjordane framleis har lågast arbeidsløyse i landet med 1,5 prosent. Tala som følgjer er tal for begge fylka samla.

Auke på tre skuleklasser

Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes merkar seg at aldersgruppa 19 år og under er den einaste aldersgruppa der arbeidsløysa aukar.

– Auken svarar til tre skuleklassar. Det uroar meg at dei aller yngste ikkje er i aktivitet. Dette er ei gruppe vi prioriterer, og som vi vil følgje nøye med på om det er ei utvikling som held fram. Dersom auken kjem av at offentlege etatar samarbeider betre for å fange opp dei som verken er i jobb, skule eller annan aktivitet, er ikkje utviklinga berre negativ. Unge som ønskjer å vera i arbeid bør søke NAV si hjelp, men vi ser dessverre at mange vel å la vera, seier Bogsnes.

Det er flest ledige innan industriarbeid (858), butikk- og salsarbeid (854) og serviceyrke og anna arbeid (762), medan det er færrast ledige innan akademiske yrke (108), jordbruk, skogbruk og fiske (135) og blant leiarar (192).

Fitjar mellom 2 til 3 prosent

Størst nedgang i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi denne månaden i Fjell
(-79 personar), på Askøy (-64 personar) og i Sund (-47 personar). I Bergen kommune er det no 3906 ledige, som er 563 færre enn i fjor.

I august er det høgst arbeidsløyse i Selje (4,4 %), Modalen (3,9 %) og Vågsøy (3,5 %), medan ni av dei 59 kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane har mindre enn 1 prosent ledige.

- Annonse -

Fitjar og Stord ligg på ei arbeidsløysa på mellom 2 til 3 prosent. Samla i Noreg er abeidsløysa 2,3 prosent i august.