Ordførar Harald Rydland orienterte samferdslekomiteen om E39 då dei køyrde strekninga på austsida av Stord.

Under ”Ymse” på onsdagens formannskapsmøte orienterte Harald Rydland om møtte med samferdslekomiteen for kort tid sidan. Slik det ser ut no vil arbeidet med å utbetre E39 ved Jektevik starta opp i 2010. Etter dette skal det årleg løyvdast midlar over statsbudsjettet fram til 2013. Då reknar ein med å ha utbetra ferdig heile strekninga mot Sandvikvåg. Kr. 60. mill. med bompengar og resten over statsbudsjettet skal dekke kostnadane. Vegstrekninga er ein veg med aggressiv køyring mot fergja i Sandvikvåg og treng å verta opprusta så snart råd er sa ordføraren.
Prosjektleiaren for utbygginga hadde framdriftsplanen klar og arbeid med reguleringsplan og grunnspørsmål må avklarast.