Om eit par månader kan Fitjar Seniorsenter vere ferdig. Det seier leiar i FKIB Ole Bergesen til Fitjarposten.
«Brua» som leier inn til Seniorsenteret frå den eksisterande 2. høgda, er allereie på plass. Så skal det monterast trapp, diverse elektronikk med meir.
– Truleg er ein ferdig i midten av februar, meiner Bergesen.
Deretter vil det bli ei skikkeleg offisiell opning. Det skal me kome tilbake til i ein seinare artikkel.