Arbeidsgruppa for Historisk formidlingssenter på Fitjar hadde i går møte med ei rekkje organisasjonar pluss kommune og grunneigarar. Her vart ein samde om å fortsetje arbeidet med å få til eit Historisk formidlingssenter på Fitjar. 

Organisasjonane som var representert var Fitjar sogelag, Håkonarstiftinga, Kyrkjeleg fellesråd, Fitjar bondelag, Fitjar Næringsråd og Stiftinga Osternes festning. I tillegg var ordførar Wenche Tislevoll og ein del representantar frå grunneigarane til stades på møtet.

Konstruktivt
Johannes Sandvik i arbeidsgruppa fortel at det vart eit svært konstruktivt møte som enda opp i to hovudkonklusjonar.

Den eine er at ein no ønskjer å få utarbeidd eit konkret kostnadsoverslag for prosjektet med inndeling i byggjesteg, og den andre handlar om vidare organisering.

Ein legg no opp til å få stifta eit aksjeselskap for å få ei organisatorisk forankring på det heile, og ser ein for seg at lag og organisasjonar pluss kommunen, kan vere aksjonærar i selskapet.

-Etter det kan ein ta ny stilling til eigarform og vidare finansiering, seier Johannes Sandvik som på møtet la fram ein flott presentasjon med vakre bilete av spenande ting frå Fitjar. Desse er no er å finne på museum, men tanken er å få desse tilbake til heimbygda når senteret står klart til å ta imot dei.

-No er det ikkje sikkert at det heile blir slik som på dei første arbeidsteikningane (sjå ovanfor), men det er i alle fall stor interesse for å få opp att den gamle steinkyrkja og lage spennande ting rundt den, seier Sandvik, til slutt.

Fyrtårn
Ordførar Wenche Tislevoll er begeistra.
-Får me dette til vert det bli eit fyrtårn i Fitjar på slik Baroniet i Rosendal, Moster Amfi og Bekkjarvik Gjestgiveri er det på sine respektive plassar, seier ho.