Politiet stadfestar no overfor fitjarposten.no at mannen som fall ned frå båten på Fitjar Mekaniske Verksted er erklært død.

Operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Agnar Austerheim, opplyser at mannen som er omkomen er ein utanlandsk arbeidar, men vil ikkje seie noko meir mannen sin identitet, eller årsaka til ulukka, på noverande tidspunkt.

Verftsdirektør Hugo Strand er sjølvsagt sjokkert over det som har skjedd. -No må me først finne ut kva som har skjedd, og så får me ta det derifrå. Men at  det blir ein spesiell arbeidsdag i morgon, er det ikkje tvil om, seier han, utan at han, berre vel ein time etter ulukka, kan seie noko om akkurat korleis dei vil markere dette innad på verftet.

Inntil vidare er alt arbeid på båten stansa.

Politiet og Arbeidstilsynet vil idag forsetje med undersøkjingar på åstaden.