På formannskapsmøtet var det i dag føre sak om etablering av nytt drifts- og marknadsføringsselskap for Håkonar Næringspark i Årskog. Det var semje om å arbeida vidare med planane.

Kommunen har tidlegare vedteke ønskje om å få til eit selskap som skal stå for drift, utvikling og sal i Håkonar Næringspark. Selskapet vert eit aksjeselskap der grunneigarane i Næringsparken og kommunen vert aksjeeigarar.

Det er tidlegare etablert eit interimstyre som no har kome med ei skisse som vart lagt fram for formannskapet. Det er avtalt eit presentasjonsmøte med dei andre grunneigarane 27. januar.

På møtet i dag var det i all hovudsak stor semje, men Agnar Aarskog hadde ein del spørsmål og ba om rådmannen si vurdering. Han var og usikker på om taksten på kaiområdet var sett for lågt.
Både rådmann og ordførar presiserte at det står att ein heil del tingingar før alle avtaler er klare. Det vert varaordføraren og rådmannen som tingar vidare om avtalegrunnlaget.
Det vart og stilt spørsmål om det kunne væra gamle bruksrettar knytt til kaiområdet. Dette måtte avklarast.

Ved avrøystinga var heile formannskapet  samla. Dei var positive til opprettinga av  det nye selskapet.
Når alle tingingar er klare vert det til sist kommunestyret som tek endeleg avgjerd i saka.