Når ungane var små, var me kvar sumar på biltur. Ofte gjekk turen over Hardangervidda. Der heldt dei alltid på med vegarbeid om sumaren. På Dyranut stod det eit skilt: KØYR SAKTE, ARBEID PÅ VEGEN. Nokre kilometer lenger borte, stod det eit liknande skilt, men der hadde oppfinnsame forbipasserande flytta komma slik at det stod: KØYR, SAKTE ARBEID PÅ VEGEN.