Stilige trombone-sjiraffar. Foto: Ingrid Hovstad

Neste helg inviterer Fitjar skulekorps og Fitjar musikklag til Disney-konsert i kultursalen.

Sidan januar har dei to laga øvd på musikk frå Disney-verda. Når Fitjarposten vitjar øvinga deira er dei midt i dyreriket, og songar frå «Løvenes konge» vert terpa på. Her fekk journalisten både høyra «Circle of Life», og sjå ein smakebit av showet dei har øvd inn. Apekattar som hoppar ned over salen, og rolege sjiraffar som bukkar til publikum.

– Ja det vert mykje show, fortel dirigent, Svein Roger Koppang. Han fortel at fleire av showbitane ein kjem til å få sjå kjem frå idear frå musikantane.

Ikkje enkelt å få med alle på bilete, når dei er heile 70 musikantar i sving. Foto: Ingrid Hovstad

Meir enn berre musikk

– Det er noko med å visa at korps er meir enn berre 17.mai-marsjar. På dei siste produksjonane me har gjennomført har me hatt stort fokus på å gje publikum ein oppleving. Me ynskjer å vera meir enn berre musikk. Me er heldige som har allsidige musikantar, og kan plukka solistar i frå eigne rekker. Det gjer det enkelt å skapa den magien som ein assosiere med Disney, fortel Koppang.

Koppang leiar øvinga med stålkontroll, og er dirigent i både skulekorpset og musikklaget.

– Disney-musikk er tung og krevjande å spela for korps. Det krev intens øving, men dette er ein rutinert gjeng so det har gått veldig fint. Ein ser jo at musikantane syntest dette er gøy, og eg får stadig bilete på Snapchat av at folk øver heime. Både frå dei yngste, men ogso frå dei i musikklaget, småler Koppang.

Stødig dirigent. Foto: Ingrid Hovstad

Ingen premierenerver

Rune, Asbjørn, Ola Sigurd og Sigmund som speler i skulekorpset, er ikkje nervøse før premieren neste fredag.

– Nei me har ikkje premierenerver. Me har øvd lenge, so ting sitter, fortel dei fire gutane.

- Annonse -

Gutane som spelar tuba eller slagverk, gler seg til konsertane neste helg, men legg ikkje skjul på at det kan bli litt mykje øving.

– Det er jo mykje øving, men både konsertar og konkurransar er så kjekt at det er verdt det, ler gjengen. Dei gler seg til å visa fram det dei har øvd inn.

Rune, Asbjørn, Ola Sigurd og Sigmund er klare til konsert. Foto: Ingrid Hovstad

Konsert dag etter dag

Fitjar skulekorps og Fitjar musikklag inviterer til konsert både 15. og 16. mars. Rundt 200 bilettar er allereie selt, men dei håpar på fullt hus begge dagane.

Dirigent, Svein Roger Koppang lovar at publikum skal få føla på Disney-magien.