Nestleiar i Hordaland Ap og 2. kandidat på Hordaland Ap sin stortingsliste, Jette F. Christensen, vitjar i dag både Fitjar og Fitjarfestivalen. Sjølvsagt kjem ho òg med ein politisk bodskap.

Christensen reagerer mellom anna på at Høgre vil fjerne formuesskatten. Ho meiner at dette vil få negative konsekvensar for Fitjar.

Formuesskatten finansierer store delar av Fitjar kommune sitt velferdstilbod.

– Fitjar får årleg inn rundt sju millionar kroner frå formuesskatten. Det tilsvarer eksempelvis åtte sjukeheimsplassar, 569 liggjedøger på sjukeheim, 20 sjukepleiarar, 109 barnehageplassar eller 71 skoleplassar i grunnskolen, seier ho og fortset:
– Når vi i tillegg veit at Høyre vil endre fordelingsnøkkelen av dei frie inntektene til kommunen, vert det ekstra negativt. Høgre har ikkje har gjort grundig nok arbeid, og Christensen meiner at Høgre ikkje er førebudd på dei uheldige konsekvensane ei fjerning av formuesskatten vil få for kommunane.

– Dei har rett nok sagt at dei skal kompensere tapet til kommunane, men dei har ikkje noe klart svar på korleis, berre at dei skal setje ned et utval som skal utgreie korleis opplegget skal fungere

I motsetnad til Høgre sin politikk hevdar Christensen at regjeringa har gjennomført eit stort forenklingsprosjekt som så langt har spart næringslivet for fem milliardar kroner årleg.
 
- Arbeiderpartiet er et næringsparti. Vi må skape for å dele. I staden for å kutte i skattane har vi gjennomført eit historisk forenklingsprosjekt. Ved tiltak som å fjerne revisjonsplikta for mindre selskap, forenkling av aksjeloven og digitalisering i alle ledd, sparer vi altså næringslivet for fem milliardar i året. Innan 2015 skal vi spare norske bedrifter for 10 milliardar i året, seier ho, og legg til at ho er imponert over dugnadsinnsatsen og alt som blir skapt på Fitjar.