Rådmannen sitt forslag til budsjett for Fitjar kommune innebar auke i eigedomsskatten for 2010. Dette ville ikkje politikarane vera med på og kom i formannsskapet i dag med alternativt forslag.

Rådmannen hadde lagt opp til eit stramt budsjett med eit overskot som skulle nyttast til nedbetaling av gjeld. Det var heller ikkje sett av midlar til å ta i bruk ledige rom på sjukeheimen i rådmannen sitt budsjett. Dette var dei største enkeltsummane som vart endra.

Det alternative forslaget vart sett fram av Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Høgre hadde ikkje klart sitt alternativ budsjettforslag til formannskapsmøtet, men ville leggja dette fram til kommunestyre sin behandling av budsjettet.

I det nye framlegget vert eigedomsskatten halde på same satsen som i 2009. Dei tre partia reknar med eit større rammetilskot og meir innbetalt skatt. I tillegg ville dei spara pengar ved ikkje å tilsetje personar i to halve stillingar i 2010. Dette er stillingar ved kundetorget og løn/ personal avdelinga. Det skal heller ikkje tilsetjast vaktmeister før 1. august i ei stilling som vert ledig ved årsskiftet. Det vert ei auke på kr. 1.500 000 ved å ta i bruk 4 nye rom i sjukeheimen, men dei tre partia reknar då med å få ei innsparing i heimetenestene.

Framlegget hadde ein del andre mindre endingar og blei av ordførar Harald Rydland omtala som eit stramt  budsjett. Det var lagt opp til eit overskott på 1 million kroner som skal nyttast til nedbetaling.

Til investeringsbudsjettet var det knytt stor usikkerheit. Avtalen med Hordaland fylkeskommune om Fitjar bu og behandlingssenter går no ut. Frikjøp av Fylkeskommunen sin del er budsjettert til kr. 5.3 millionar. Rådmannen arbeider med alternative løysingar, men dette blir ikkje klart før seinare. Endringane i investeringsbudsjettet som dei tre partia hadde sett opp no, var berre på mindre beløp.