Vaffeltreffet Barne- og ungdomslina ved Fitjar Vidaregåande Skule arrangerte, torsdag ettermiddag, vart ikkje som andre vaffeltreff. Her var det barneheimen i Bobrinetz i Ukraina som stod i fokus.

Det var til og med besøk av to ektepar som står sentralt i det lokale arbeidet i Ukraina. Dei gav uttrykk for at dei set stor pris på å få koma til Noreg, vera med på dette arrangementet, og ikkje minst var dei djupt takksame for at norske ungdomar, i samarbeid med Willy Ersland og Barmhjertighetsbussen, vil stå på for å betre forholda i ein flik av heimlandet deira. -Barmhjertighetsbussen sitt arbeid har vore til velsigning for heile byen, seier dei til Fitjarposten.

Og elevane på Fitjar Vidaregåande har gjort  sitt for at det skal  bli endå betre for borna og ungdommane på barneheimen dei jobbar for. Under vaffeltreffet stod dei både for underhaldning, åresal og barneteater, for å få samla inn så mykje pengar som mogeleg til dette prosjektet. Russen har i tillegg gjeve heile overskotet av revyen sin til det same føremålet.

Om ikkje lenge skal barne- og ungdomslinja over til Ukraina igjen. Då vil dei ha med seg ting dei sårt treng til der borte. I tillegg skal dei jobba dugnad med praktisk arbeid når dei er der, ikkje berre sjå på kva som skjer, denne gongen,  fortel lærar Sissel Jørgensen som skryt over samarbeidet med Barmhjertighetsbussen. -Me har berre positive ting å seia om det, og så er det jo utruleg godt å få oppleve at det vi gjev kjem fram til dei som verkeleg treng det, seier ho, engasjert.

Barmhjertighetsbussen på si side er svært takksam for samarbeidet med Fitjar Vidaregåande Skule. -Det er fantastisk bra. Ein gjeng kjempeflotte ungdommar med ei fin innstilling, og Sissel Jørgensen gjer ein kjempejobb, både for dei, og for borna i Ukraina, med det sterke engasjementet sitt for dette prosjektet, seier Willy Ersland til slutt